Innsamling til flyktningar
Kviteseid kommunen vedtok i kommunestyret 07.04.2022 å motta 25 flyktningar frå Ukraina. Vi ruster oss nå for å ta dei imot på ein profesjonell og menneskeleg måte. Da det er usikkert når dei kjem, ynskjer vi i fyrste omgang å kartlegge kva som finnes av utstyr «der ute». Reint generelt har vi trong for:
- senger – køyesenger, sprinkelseng/barneseng
- syklar i alle størrelsar/hjelmar
- diverse leikar
- sofa, bord, kommode
- klede, sortert på str. I utgangspunktet sumarklede
Det er viktig at alt som blir levert inn er vaska, i god stand og klart til bruk. Klede vil vi gjerne motta i pappask eller liknande.
Korkje kommunen eller frivilligsentralen har lagringsplass, så vi ynskjer altså nå i fyrste omgang å kartlegge kva de kan avsjå. Meld dette inn på e-post
Ynskjer de å bidra(hjelpe til på anna vis, registrer deg hjå Kviteseid Frivilligsentral
Vi kjem tilbake med tid og stad for innsamling.
På førehand takk!