Det er heller ikkje tida for å reise til Kviteseid for å besøke familie og gamle foreldre som bur i kommunen, men heller hald kontakt med kvarandre på telefon. Heimeverande eldre som har pleiebehov blir fylgd opp av heimetenesta.
Dette er i tråd med nasjonale føringar for å avgrense reising og smittespreiing.
«Helsedirektoratet ynskjer at innanlands transport skal gå mest mogleg som normalt, men me oppmodar sterkt alle til å unngå fritidsreiser.»
Grunna kapasitetsutfordringar i helsesektoren i Kviteseid som fylgje av koronaviruset, rådast spesielt personar i karantene om å ikkje på reise på hytta.
Kviteseid Kommune 14.03.20
Anne Ruth Syrtveit Mikalsen, kommuneoverlege
Bjørn Nordskog, ordførar