Helse- og omsorgsplan - Kviteseid
Kviteseid kommune er i ferd med å laga ein helse- og omsorgsplan der me ynskjer å invitere innbyggjarane til dialog. For å sikre ei framtidsretta berekraftig helse- og omsorgsteneste, er det naudsynt at Kviteseid kommune startar arbeidet no.
Kviteseid kommune er oppteken av medverknad, og ynskjer difor å invitere med innbyggjarane, ymse lag, foreiningar og organisasjonar – ung som gamal.
Me oppmodar difor innbyggjarane våre om å gå inn på lenka under og svara på spørsmåla.
https://forms.gle/wTmX5BtY5A6zdh657
Fristen for å svare er i løpet av 31.03.2022.
På førehand takk for god medverknad!