Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden
A A A

Frivillige organisasjonar kan no søke om momskompensasjon på varer og tenester

Søknadsfrist 1. september

Publisert , Oppdatert 01. juni 2022
Kviteseidhallen

Kviteseidhallen

Lotteri- og stiftelsestilsynet skal fordele 1,9 milliardar kroner i momskompensasjon til frivillige lag og organisasjonar i 2022. Frivillige lag og organisasjonar kan søke om å få kompensert kostnader til meirverdiavgift som dei har hatt ved kjøp av varer og tenester. Føremålet med ordninga er å fremme frivillig aktivitet.

Det er opna for søknader og søknadsfristen er 1.september.

Frivillige organisasjonar som er registrerte i Frivillighetsregisteret kan søke på ordninga. Frivillig innsats må være ein viktig del av verksemda for å søke. Alle mottakarar av momskompensasjon må vere registrert i Frivilligregisteret innan 1. september 2022. Dette gjeld også dei som søkjer via sitt sentralledd. Husk at registrering kan ta litt tid.

Merk: Sentralledd har eigne fristar for rapportering frå underledda sine. Sjå den aktuelle organisasjonen sine nettsider, eller ta kontakt med sentralleddet for nærare informasjon.

Det kan søkast etter to modellar: Forenkla modell og dokumentert modell. Minstegrensa for å søke etter forenkla modell er 100 000 kroner i søknadsgrunnlag, og etter dokumentert modell er det 7000 kroner i faktiske meirverdiavgiftskostnader. Grensene gjelder ikkje for underledd.

Her finn de meir informasjon om ordninga og søknadsskjema