SLT koordinator i Kviteseid kommune, John Gramstad, har i haust og vinter delteke i ei grundig opplæring i tema «Førebygging av radikalisering og valdeleg ekstremisme».  Med støtte frå Konfliktrådet, har han gjennomført sertifisering som «Mentor», gjennom RVTS sitt nasjonale opplæringprogram. 

Radikalisering og valdeleg ekstremisme

  • Radikalisering er prosessen der ein person i aukande grad aksepterer bruk av vald for å nå sine politiske mål
  • Med valdeleg ekstremisme meinast personar som er villige til å bruke vald for å nå sine politiske mål
  • I Kviteseid kommune er det ei eiga arbeidsgruppe som jobbar med radikalisering 
  • Kontaktperson for gruppa er SLT koordinator John Gramstad, som og har rolla som radikaliseringskoordinator i Kviteseid
  • Denne satsinga er eit resultat av regjeringas «Handlingsplan mot radikalisering og valdeleg ekstremisme» og det ansvaret kommunane har 

 

I tillegg til dette, kjem John, no i vinter, til å bli sertifisert som «FlexiD» instruktør. Dette er ei tilnærming som har fokus på krysskulturelle barn og familiar.

«Krysskulturelle» er betegnelsen på barn og unge med ein oppvekst prega av fleire kulturar, land, språk og/eller samfunn. Det finns mange måtar å vere krysskulturell på. Nokon har flyktning- og innvandrarbakgrunn. Andre er internasjonalt adoptert. Nokon har foreldre frå forskjellige land eller språkgrupper. I tillegg kjem barn av urfolk og nasjonale minoritetar som krysskulturelle. 

Korleis melder du ifrå?

Om du er tilsett i kommunen:

Om du som tilsett i Kviteseid kommune er bekymra for at ein brukar av våre tenester eller ein tilsett i kommunen er i ferd med å radikaliserast, skal du drøfte bekymringa med din leiar. Det er leiar som tek kontakt med radikaliseringskoordinator.
 

Om du er innbyggar:

Om du som innbyggar er bekymra for at ein du kjenner er i ferd med å radikaliserast, eller kan vere spesielt utsett for radikalisering, kan du ta kontakt direkte med radikaliseringskoordinator.
 

Bekymra for valdelege aksjonar

Om du er bekymra for at nåen, på grunn av radikalisering, planleggar valdelege aksjonar eller andre ulovlege handlingar, er dette ein sak for politiet. Då må du ta kontakt på telefon 02800 (eller 112 dersom det er akutt).

Radikaliseringskoordinator i Kviteseid kommune, samarbeidar tett med Politikontakt og politiets radikaliseringskontakt.

 Kven er spesielt utsett for radikalisering?

Erfaringar tyder på at utanforskap er ein medverkande faktor til radikalisering og ekstremisme. Utanforskap er eit uttrykk som brukas om manglande sosial tilknyting til samfunnet rundt. Det beskriver ein situasjon der enkeltmenneske eller grupper av menneske står utanfor samfunnet av ulike årsaker.


 Bekymringsteikn og signal

Det er viktig å merka seg at tilstedeværelsen av risikofaktorar i seg sjølv ikkje gir opphav til radikalisering. Dei fungerar som teikn på omstendigheitar som mogleggjer at personen kan stå i fare for å radikaliserast.

Det einskilde bekymringsteikn gjer i seg sjølv ikkje nødvendigvis grunn til bekymring. Det er når fleire bekymringsteikn opptrer samtidig at det bør gjerast nærmare undersøkingar.

 

Kontakt radikaliseringskoordinator:


Radikaliseringskoordinator, John Gramstad, 901 60 973, john.gramstad@kviteseid.kommune.no