Ved tekniske tenester er følgjande stilling ledig:
Fagleiar i 100% fast stilling
Arbeidsoppgåver:
• Stedfortreder for kommunalsjefen for tekniske tenester
• Lede og koordinere arbeid innan tekniske tenester
• Bidra i prosessen med saker til politisk handsaming og støtte opp om beslutningsprosessen. (Opplæring vert gitt dersom du ikkje har erfaring med dette frå før)
• Arbeide tett med både interne og eksterne samarbeidspartnarar for å sikre framdrift og kvalitet i prosjekta
• Ansvar for drifts- og vedlikehaldsplanar for teknisk infrastruktur
• Delta i utvikling og implementering av nye prosjekt og løysingar for kommunen
Kvalifikasjonar:
• Utdanning som VA-ingeniør, eller annan relevant teknisk utdanning
• Relevant erfaring frå teknisk sektor, gjerne innafor VA eller andre infrastrukturelle område
• Evne til å leie prosjekt og koordinere ressursar på tvers av fagområde
• Erfaring frå utarbeiding av sakspapir og politisk handsaming er ein fordel, men opplæring vert gitt
• Gode samarbeidsevner og evne til å arbeide både sjølvstendig og i team
• Kunnskap om relevant lovverk og forskrifter innan tekniske tenester
Personlege eigenskapar:
• Ansvarsbevisst
• Omgjengeleg
• Tole stort arbeidspress
• Kunne taka utfordringar på strak arm
• Høg arbeidsmoral
• Kunne bidra til eit godt arbeidsmiljø
Er du klar for å ta eit steg vidare i karrieren din, ta på deg leiaransvar og påverke viktige tekniske prosjekt? Då vil vi gjerne høyre frå deg!
Ved tilsetjing må politiattest leggast fram, ikkje eldre enn 3 månader.
Du må kunne bruke eigen bil i tenesta, godtgjersle vil bli gitt.
Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetting.
Kommunen sitt administrasjonsspråk er nynorsk.
Lenke til elektronisk søknadsskjema:
Attestar og vitnemål vil bli etterspurd i samband med intervju eller du kan leggje dei ved den elektronisk søknaden.
Har du spørsmål om stillinga kan du ta kontakt med
Tarjei Gjelstad, seniorrådgjevar tlf 952 41 315, eller
Olav Kjetil Greivstad, kommunalsjef tekniske tenester tlf 480 35 264
Søknadsfrist: 9. mars 2025