Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden
A A A

Eldre over 80 år kan nå få fjerde dose koronavaksine

Publisert , Oppdatert 25. april 2022
Sprøyte

Kviteseid kommune opnar opp for at eldre over 80 år kan få fjerde dose med koronavaksine. Dei som har fått tre doser og ikkje har gjennomgått koronasjukdom etter dette, kan få ein ny oppfriskningsdose viss dei sjølv ønskjer det.

Den fjerde koronavaksina kan gjevast tidlegast 4 månadar etter siste oppfriskningsdose. Tilbodet gjeld alle personar fødd i 1942 eller tidlegare.

Det er Folkehelseinstituttet (FHI) som nyleg har opna opp for at eldre over 80 år kan få ein ny oppfriskningsdose med koronavakine. FHI gjev ikkje ein eigen anbefaling om at denne gruppa bør ta ein fjerde dose, men at alle skal få tilbod. Ei dose no vil nødvendigvis ikkje utelukke eit behov for ytterlegere oppfriskningsdose til hausten når smitten forventast å auke.

Det er begrensa kunnskap om i kor stor grad beskyttelse mot alvorleg sjukdom avtek blant personar over 80 år etter den fyrste oppfriskningsdosen. Det er likevel kjent at eldre oppnår lågare immunresponsar enn yngre og at dei har høgare risiko for å bli alvorleg sjuke.

Timebestilling skjer via denne linken: https://timebestilling.remin.no/kviteseid.

Har du ikkje anledning til å logge deg inn med BankID sjølv, kan pårørande bestille time ved å logge seg på med sin BankID. Ver oppmerksam på at det må vera den same pårørande som bestiller time for dei som har fått hjelp til timebestilling tidlegare.

Ein kan også ringe å bestille seg time på tlf. 350 68 264 eller 971 76 454. 

Vaksinasjonen blir i lokalene til Kviteseid helsestasjon.

Les meir informasjon knytt til tema:

 

Med beste helsing

Tone M. Heggtveit, Vaksinekoordinator