Smitten spreier seg fyrst og fremst i dei store byane, kor kontaken mellom personar er størst. Det er likevel viktig for oss alle å følge nasjonale råd.
Ei undersøking Helsedirektoratet har gjennomført i befolkninga i veke 43 syner at:
- 4 av 10 held seg ikkje heime når dei er sjuke
- 86 % meiner at det er viktig å teste seg, men 64 % svarar at dei kan ikkje teste seg kvar gong dei snufsar litt
- 51 % har tru på at dei kan leve som normalt i veke 43, mot 70 % i veke 41
Vi må alle bidra til å bremse smittespreiing.
Syt derfor for at DU:
- testar deg, dersom du har symptom
- held deg heime dersom du er sjuk
Kjelde: Helsedirektoratet