Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden
A A A

Drivarar til Kviteseid brygge sommaren 2025

Publisert , Oppdatert 27. februar 2025
Victoria ved Kviteseid brygge

Kviteseid brygge ligg fint til ved Sundkilen, ein fjordarm knytt til Kviteseidvatnet. Sundkilen er ein del av den idylliske Telemarkskanalen, som strekker seg frå kyst til fjell med særpreg og med store variasjonar i landskapet. På Telemarkskanalen går det kanalbåtar i rute mellom Skien og Dalen heile sommaren. Som ein avstikkar på vegen er M/S Victoria innom Kviteseid brygge som ligg midt i sentrum av Kviteseidbyen. Om sommaren er eit yrande folkeliv i Kviteseidbyen.

Har DU lyst til å vere vertskap på Kviteseid brygge i sommar?

Kviteseid kommune søkjer drivarar til turistinformasjon og kafé på Kviteseid brygge.

Vi søkjer personar som er kreative og sjølvstendige med gode lokal- og språkkunnskapar, gjerne med kompetanse frå reiselivet, som ynskjer å vere eit serviceinnstilt vertskap for lokalbefolkning og turistar. 

Skriftleg søknad med konsept for drifta sendast til: 
post@kviteseid.kommune.no  innan 21. mars 2025 

Eventuelle spørsmål kan rettast til nærings- og kultursjef Elisabeth Lid: elisabeth.lid@kviteseid.kommune.no