Statens vegvesen varsler oppstart av detaljregulering av rv. 41 på strekninga Steane – Vrådal, jamfør plan- og bygningslova §§ 12-3 og 12-8. Strekninga er på ca. 6 km, jf. kartskisse.
Formålet med planarbeidet er å leggje til rette for utbetring av rv. 41 til 7,5 m bredde og gul midtstripe for å auke trafikktryggleiken og betre framkommeligheten. Vegen skal i hovudsak følge dagens trasé, men det vil være behov for omlegging av traséen enkelte stader. Det skal planleggast GS-veg på strekninga Vrådal hyttegrend – Strand, ein strekning på ca. 2,3 km. Prosjektet omfattar óg kryssutforming fv. 38 Steane og fv. 38 Vrådal, samt utbetring av rasteplassen på Steane.
Planarbeidet ikkje utløyser krav om konsekvensutgreiing iht. plan – og bygningslova § 4-2 og forskrift om konsekvensutredning. Etter ei samla vurdering er det konkludert med at tiltaket ikkje vil gje vesentleg verknad for miljø eller samfunn.
Merknader til planarbeidet sendast skriftleg til Statens vegvesen, postboks 1010 Nordre Ål, 2605 Lillehammer, eller per e-post til firmapost@vegvesen.no innan 31.10.22. Merk innspel med saksnr. 22/18905.
Kunngjeringa kan òg sjåast på www.vegvesen.no/vegprosjekter/hoeringer-vegprosjekter/
Statens vegvesen arrangerer ope informasjonsmøte om planarbeidet onsdag 19. oktober kl. 18.00 på Vrådal grendehus.
Spørsmål om planarbeidet kan rettast til planleggingsleiar turid.hagelia.korshavn@vegvesen.no.
Kunngjeringsbrev datert 27.09.22
Kunngjeringskart datert 26.09.22
Referat frå oppstartsmøte med kommunen den 16.09.22
Notat- vurdering av behov for konsekvensutredning datert 09.09.22, rev 20.09.22
Oversiktskart