Vi har sidan nyttår hatt besøksrestriksjonar, på bakgrunn av aukande smitte i Noreg etter jol og nyttår.
Vi vil nå opne igjen for meir besøk hos bebuarane. Vi har forståing for at pårørande og bebuarar saknar sine nære, men vi ynskjer framleis at besøkande er varsame og det er viktig at besøkande viser omsyn og følgjer desse smitteverntiltaka:
- Du må ikkje ha symptom på Covid-19 sjukdom. Du må heller ikkje vera nærkontakt til person med påvist smitte.
- Du bør bruke munnbind under heile besøket.
- Ha god handhygiene.
- Hald avstand. Ingen klemming eller handhelsing, før både bebuar og besøkande er fullvaksinert.
- Besøkande til bebuarar som ikkje er vaksinert, må vera ekstra varsame.
- Når både bebuar og besøkande er fullvaksinert, treng de ikkje bruke munnbind.
- Alle må ringe på førehand og avtale besøkstid. Telefontid for avtale om besøk er mellom kl 10:00-11:00 eller kl 16:00-17:00. Ring: 409 00 279.
- Kvar bebuar kan ha totalt 2 besøkande om gongen, som må kunne halde avstand. Det kan vera inntil 5 besøkande ute.
- Vi har kviletid mellom 13:00-16:00, dvs. ingen besøkande i kviletida.
- Ring på ringeklokke ute når du kjem, personalet møter deg ved inngangen.
- Alle oppmodast til å bruke munnbind under heile besøket og halde avstand til personalet og bebuar.
- Ingen servering av drikke eller mat. Besøkande kan ta med seg blomar, blad og gåver til pasient, men ikkje ete måltid saman.
- Skriv namnet ditt i besøkslogg når du kjem i gangen.
- Gå rett til bebuar sitt rom, ikkje opphald dykk i fellesareal.
- Du kan ikkje komme på besøk om du har symptom på forkjølelse, sår hals, feber, hoste, hovudverk etc.
- Om du utviklar symptom innan 48 timar etter du har vore på besøk på KOS, kontakt oss, då vi må vere merksame på symptom hos bebuar du har vore på besøk hos.
- Hugs avstand og god handhygiene!
- Eigne retningslinjer for besøkande til terminale pasientar. Dette avklarast med personalet.
Takk for at du bidrar til, at vi kan halde godt smittevern!