På banen blir det bruka gummigranulat i kunstgrasdekke. Dette gummigranulatet vil me ha inne på baneområdet og ikkje utanfor gjerdet.
Det er derfor lagt ned rister og sett opp børstar ved utgangane. Me vil gjerne at du brukar dei før du går ut av baneområdet.
Håpar du vil hjelpe oss med å behalde granulatet inne på banen og at det ikkje kjem ut i naturen. Takk for hjelpa og lykke til med fotballsesongen.