Beredskap er eit kontinuerleg arbeid og oppdatera planverk er viktig. Vel så viktig er det å trene på å takle uønska hendingar samt informere om kva ein må gjere når hendingar skjer.
I ny beredskapsplan er det instruksar om kva kommunen skal gjere når hendingar/ulykker oppstår. Dette er informasjon som er almen nyttig og derfor er beredskapsplanen tilgjengeleg for alle.
Eit viktig punkt er oppmøtestad når både straum, nett og mobil ikkje fungerar (EKOM-utfall) og ein treng hjelp.
Frå planen kan ein lese:
Kommunikasjon med innbyggjarane og besøkande i kommunen
Ved bortfall av EKOM (straum, mobiltelefon, naudnett) vil det vera ein utfordring med kommunikasjon med innbyggarane og besøkande i kommunen. Kviteseid omsorgssenter (KOS) skal vera den staden der alle i kommunen kan ta fysisk kontakt om ein ikkje får kontakt via mobil eller sikringsradio.
KOS skal vera bemanna med sikringsradio (kanal 8) og naudnetterminal. Naudetatar skal møte opp på KOS for å vera i beredskap. KOS skal vera forsterka med ein brannkonstabel.
Kriseleiing skal vurdere om brannstasjon skal bemannast. Får hendinga ei varigheit utover 12 timar skal det opprettast vakt/mottak på Straand hotell og Morgedal hotell.
Eigenberedskap er viktig. Kan du klare deg i heimen om straumen er vekk i fleire dagar. På www.sikkerhverdag.no finn du tips på kva du bør ha heime om det oppstår ei krise eller ei uønska hending.