BEREDSKAPSØVING
Kviteseid skule
Onsdag 12. februar skal Kviteseid kommune ha beredskapsøving på Kviteseid skule. Målet med øvinga er å trene på evakuering frå skulen. I tillegg vil det i Kviteseidhallen bli øvd på å etablere EPS-senter (evakuerte og pårørande) og det blir trening på kommunikasjon og samhandling.
Øvinga skjer i tidsrommet kl.10.00-14.00. Det vil vera politi, ambulanse og brannbil på området.
Kontakt
Tarjei Gjelstad
Fagleiar samfunnsutvikling og teknisk drift
Tlf: 350 68 114/95 24 13 15