Kviteseid kommune vil fylgje opp situasjonen i tråd med anbefalingar frå Statsforvaltaren. I kommunens beredskapsplan (kan lastast ned her) finn ein info om kva planar kommunen har for å takle ulike situasjonar.

Ein viktig del av beredskapen er kommunens oppmøtestad ved bortfall av EKOM (straum/telefon og internett). Trenger du hjelp og ikkje får kontakt så er Kviteseid Omsorgssenter Lundenvegen 30 3850 Kviteseid oppmøtestaden det neste døgnet. 

Har du sikringsradio vil sikringskanal 8 vera kanalen som kommunen lyttar på. 

Frå beredskapsplanen:

6. Kommunikasjon med innbyggjarane og besøkande i kommunen

Ved bortfall av EKOM (straum, mobiltelefon, naudnett) vil det vera ein utfordring med kommunikasjon med innbyggarane og besøkande i kommunen. Kviteseid omsorgssenter (KOS) skal vera den staden der alle i kommunen kan ta fysisk kontakt om ein ikkje får kontakt via mobil eller sikringsradio. 

KOS skal vera bemanna med sikringsradio (kanal 8) og naudnetterminal. Naudetatar skal møte opp på KOS for å vera i beredskap. KOS skal vera forsterka med ein brannkonstabel.

Kriseleiing skal vurdere om brannstasjon skal bemannast. Får hendinga ei varigheit utover 12 timar skal det opprettast vakt/mottak på Straand hotell og Morgedal hotell.