Kviteseid kommune har behov for sjukepleiarar, vernepleiarar, helsefagarbeidarar, helsesekretærar, studentar/elevar, assistentar.

Me har behov for ferievikarar i perioden 16.06.25 – 10.08.25 ved Kviteseid omsorgssenter, heimesjukepleia, heimehjelpstenesta, Midtsundtoppen dagsenter, Lundenjordet bufellesskap og legekontoret.

Det er ønskjeleg at søkjarar har fylt 18 år og kan jobbe i heile perioden. Ved Kviteseid omsorgssenter, Lundenjordet og i heimesjukepleia jobbar ein turnus og i snitt annankvar helg. 

 

Vikarar i heimesjukepleia og heimehjelpstenesta må ha førarkort klasse B. Heimehjelpsvikarar må og disponere eigen bil. 

Opplæring skjer fortrinnsvis før vikariatet startar. Grunnkurs i legemiddelhandtering for dei som har behov for det er 16.06.25.

Sjukepleiar- og vernepleiarstudentar som jobbar innan relevante fagområde blir løna etter lokal avtale.

I søknaden må du oppgje kva for arbeidsplass du søkjer. Dersom fleire arbeidsstader er aktuelle, må di prioritering koma fram i søknaden. Sei frå dersom det er dagar du eventuelt ikkje kan jobbe. Søkjarar kan ikkje få fri i både veke 29 og 30. Me vil prioritere søkjarar som kan jobbe heile perioden. 

Spørsmål kan rettast til: 

  • Lundenjordet bufellesskap: Einingsleiar Unni E. Øygarden, tlf. 90 25 16 83
  • Kviteseid omsorgssenter: Avdelingsleiar Helene Stensrud, tlf. 90 21 37 57
  • Heimetenestene (heimesjukepleia, heimehjelpstenesta og Midtsundtoppen dagsenter): Avdelingsleiar Monica Halvorsen, tlf. 90 92 03 15
  • Kviteseid legekontor: Kommunalsjef Thormod Moi Felle, tlf. 92 33 66 94

 

Ved tilsetjing må politiattest leggast fram, ikkje eldre enn 3 månader. 

Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetting.

Kommunen sitt administrasjonsspråk er nynorsk. Fullstendig kunngjeringstekst med link til elektronisk søknadsskjema: Søknad på stilling (VT-1) (kf.no) 

Attestar og vitnemål må leggast ved den elektronisk søknaden.

Søknadsfrist: 09.03.25