Helsing frå Ordføraren

17.mai 2020

Gratulerer med dagen alle saman, som ordførar i Kviteseid er eg stolt av innsatsen alle i Kviteseid har gjort i denne tida me er oppe i.

1814 var eit år i Noreg si historie der det viktigaste dokumentet som sikra norsk sjølvstende og  demokratisk utvikling blei til. Grunnlova blei skriven på Eidsvoll.                                                                 Den 10.april kom 112 valde representantar til Riksforsamling i Eidsvollsbygningen for å gjere forberedande arbeid for ei grunnlov.

Me har alle vore gjennom ei tid som grensar mot det uverkelege, ingen har opplevd noko liknadene i fredstid. Alle har gjort ein kjempe innsats med god hygiene, halde avstand og ikkje reist unødvendig. Nå er det 17.mai det må markerast, det blir ei annleis feiring enn me er vande med. I år blir feiringa saman med familie og dei nærmaste. Hornmusikken i Kviteseid spilar på nasjonaldagen, dette kan alle fylgje på heimesida til kommunen og eg håpar at alle syng med på nasjonalsongen kl:13.00 når heile Noreg skal synge «ja, vi elsker».

Barnetog høyrer 17.mai til, heilt sidan 1870 har grunnlovsdagen blitt markera med barnetog, det kunn med unnatak av krigsåra. I år kan me bruke digitale løysningar for å dele gode bilde og 17.mai augneblink med kvarandre.

Eg ynskjer alle ein riktig god 17.mai,

Tre gonger hurra!

 

Bjørn Nordskog

Ordførar

Helsing frå 10. klassingane

Kjære alle saman.

Gratulerer så mykje med dagen! I og med at me er i den situasjonen me er i, i dag, har me kjent på vanskeligheten med å skrive ei passande tale. Det er vanskeleg å vite kor mykje ein skal nevne korona-situasjonen, fordi på 17. mai, feirar me stolthet over nasjonen og glede. Men det ville vore rart å ikkje nevne pandemien som rammar oss alle, sidan det er ein realitet no i 2020. Me må heller ikkje gløyme att det er 75 år sidan Noreg blei frigjort frå Tyskland, etter fem år i krig. Me føler me ikkje har retten til å samanlikne viruset i dag med 2. verdskrig, fordi me ikkje vil vere respektlause mot den eldre generasjonen, ved å sei at me har det likt som onder krigen. Så dette med den «perfekte» tala er vanskeleg, men me har prøva vårt beste.

Som sagt er det 75 år sidan Noreg for tredje gong blei frigjort frå eit anna land sitt styre. Me hadde vore under andre land sitt regime, og hadde  endeleg fått nok. I 1814 satte 112 mann seg ned på Eidsvoll og skreiv ei grunnlov for dei som levde på den tida, og for oss i dag. Mykje har skjedd sidan då, og Noreg har utvikla seg drastisk og vårt vakre land står fortsatt att som eit samfunn bygd på tillit og stoltheit og nasjonalfølelse. På dagen i dag skal me tenke tilbake på alle krisene me har greidd å kome igjennom, og vera stolte. Dagen i dag er ein fridag frå alle vonde tankar, sjølv om me er frustrerte og leie, og ein dag for å feire Noreg som nasjon og alt det gode.

Sjølv om me ikkje kan stå saman i bunad og festdrakter, mens me syng «ja vi elsker», stapper i oss kaffe og kake og kjenne den typiske 17. mai kjensla, så må me fortsatt feire. Det er ikkje borna som går i tog me feirar, det er ikkje korpsa som marsjerar rundt i bygdane me feirar, nei det er til og med ikkje desse «fantastiske» talene. Me feirar Noreg og frihet. Og sjølv om me kanskje ikkje føler oss så frie no, «innestengde» i våre eigne heimar, så er me frie som eit land likevel. 17. mai handlar nemleg ikkje berre om meg eller deg, det handlar om oss som ein nasjon, det handlar om det nydelege og vakre Noreg, som har kjempe for alt me står for i dag. Så i dag skal me ta nokon steg tilbake og setje pris på nasjonen me har blitt til, på dei som kjempa tappert til siste slutt for 75 år sida, og alle krigar og kriser før der att. Me må ikkje ta det for gitt at me har det så godt som me har det i dag, så ja me må takke dei som har kjempa før oss. Samtidig må me ruste og motivere oss som skal kjempe vidare for Noreg og dei neste generasjonane.

I løpet av 1800-talet var det stort fokus på å finne tilbake til våre opprinnelege, heilnorske røtar. Språk skulle lagast, lovar skulle skrivast og vår gamle kultur skulle huskast og kome opp og fram i ljoset att. Me sto att med eit vanskeleg spørsmål: kven er eigentleg me nordmenn? Me kom vell kanskje fram til at me er eit folk med ein kjærleik til høge fjell og djupe fjordar og kvarandre, men også tomme sitteplassar på bussen. Eit folk som trur på friheit og samhold, og som står saman i møte med vanskeligheitar.

Alle nordmenn har noko til felles. I påsketider trekker mange av oss opp te hytta, et oss mette på kvikk lunsj og appelsin, mens dei bleike vinterkroppane våre, blir steikt i sola. Me er fødd med ski på beina, men å vere ein turist i Syden er også prototypa på ein nordmann. Men samtidig i Noreg finst det forskjellige grupper med folk. Folk som bur på vestkanten i Oslo kan me definere som «penere», dei oppi nord bannar som skipperar, bergenserane skravlar hol i hovudet på oss, og Hardanger forbinder me med brudeferden og Lothepus. Vest-Telemark er også ein plass med eit folk ein kan definere. I overflata kan det vera rosemåling, flotte bunadar og ei fin dialekt. Litt under overflata finner me eit bygdefolk som hjelper og kjenner kvarandre, er på jakt og reiser på ville bygdefestar. Me går på tur, er bøndar, og køyrer traktor og skuter. Me er med i eit felleskap der me bur, likar å gå i skogen, og ta ein kaffi saman. Men rotar me heilt nederst finn me eigenskapar som me vesttelar ikkje nødvendigvis er klare over. Me jobbar hardt, er høflege og vennlege, og elles held me kjeft. Me er stolte over heimplassen vår, og er kritiske, sjølvstendige og viljesterke. Skal me vere ærlege kan me vel innrømme at me ganske skeptiske til nye folk og impulsar, bevisst eller ubevisst. Likevel så er me alle ulike og gjer ting på vår måte.

Me i Vest Telemark er privilegerte som får lov til å reise ut i naturen i desse tider. Me er generelt heldige som får bruke naturen gratis og utan nokon tilskodarar. Me har desse små hemmelege paradisa våre rett utanfor døra. Me må setje pris på at me har desse skattane, og at me slepp å dele dei med så altfor mange.

Me skal også setje pris på alle dei andre moglegheitene me har her i landet, som få andre er like heldige å ha, som rett på gratis utdanning og helsehjelp, og ein stat me alltid kan regne med stiller opp for oss. I løpet av historia har me lært kor viktig det er å stå saman som eit folk i vanskelege tider, og i dag er den lærdommen viktigare enn den har vore på lang tid. Nå må me ta i bruk denne lærdommen og dei verdiane me trur på, ta vare på kvarandre, og vite at saman er me sterke! Særleg med to meters avstand da.

Med dette vil me ynskje dere alle ei flott feiring, og sei gratulerer med dagen!

Kjære kviteseidingar, vrådølar, morgedølar, ordølar, brunkebergingar, åsgrendingar, fjågesundingar, dere som bur i Dalan, Vråliosen, Kilen og alle vest-telar, gratulerer så mykje med dagen!

Skriven av Vårin Noelle Kanstad-Wilson, Isabelle Grace Brekke Moore og Anna Kveven Sørensen, 10. klasse Kviteseid Skule.