LEDIG STILLING
Ved eining for funksjonshemma er følgjande stilling ledig:
Helsefagarbeidar/vernepleiar, 2 x 100% fast stilling ved eining for funksjonshemma.
Begge stillingane er i turnus. Den eine med arbeid 3. kvar helg og den andre med arbeid 4. kvar helg, 35,5 t/v.
Oppstart 01.04.25
Arbeidsoppgåver:
- Fremje målretta og metodisk miljøarbeid, samt delta i brukaren sine daglege aktivitetar og gjeremål
- Legge til rette for at brukaren meistrar eigen kvardag
- Medverke til fagutvikling og kompetanseheving i eininga
- Samarbeid, rettleiing og opplæring av andre tilsette
- Dokumentere i fagsystem
- Tverrfagleg samarbeid
- Primær-/sekundæransvar for ein eller fleire bebuarar
- For vernepleiar; legemiddelhandtering, KHOL kap. 9, koordinatoransvar
Kvalifikasjonar:
- Fagbrev som helsefagarbeidar/norsk autorisasjon som vernepleiar.
- Ynskje om relevant vidareutdanning retta mot menneske med utviklingshemming
- Ynskje om erfaring frå arbeid med menneske med utviklingshemming
- Førarkort kl. B
- God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne
Personlege eigenskapar:
- Ha gode kommunikasjons og samarbeidsevner
- Evne til å ta ansvar, vere sjølvstendig og trygg i tenesterolla
- Være fleksibel, strukturert og løysingsorientert
- Halde deg fagleg oppdatert
- God rollemodell
- Kreativ og glad i aktivitet
Ved tilsetjing må politiattest leggast fram, ikkje eldre enn 3 månader.
Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetting. Kommunen legg vekt på: psykososialt arbeidsmiljø, samarbeidsevner og mellommenneskelege arbeidstilhøve.
Andre med relevant fagarbeidar/høgskuleutdanning er også velkommene til å søkje.
Relevant arbeidserfaring/kjennskap til brukargruppa kan vege opp for manglande utdanning.
Kommunen sitt administrasjonsspråk er nynorsk.
Lenke til elektronisk søknadsskjema: Søknad på stilling (VT-1) kf.no
Attestar og vitnemål vil bli etterspurd i samband med intervju.
Spørsmål kan rettast til einingsleiar Unni E. Øygarden på tlf. 90 25 16 83 / 35 06 81 61
Søknadsfrist: 08.12.24